Tysdag kom julegrana opp på Rådhusplassen - med lift og stødig handtering frå teknisk eining vart grana sjølvsagt dekorert med både julelys og stjerne.
Onsdag og torsdag er det meldt skikkeleg surt vêr ifølgje yr.no - mykje regn og ein del vind utover torsdagen; me får tru grana står det gjennom.
Men så - torsdag kveld og natt til fredag er det meldt snø og mindre vind. Frå utpå dagen fredag og helga gjennom ser det ut til å bli opphald og på minussida - om det slår til kan det bli kvit julegateopning fredag kveld og julemarknad i vinterskrud laurdag.
Dessutan kjem det opp nye julelys i sentrum - så alt ligg til rette for ei flott førjulshelg i Lærdal.
Ta ein titt på Lærdalsmarknaden si Facebookside for å sjå program for julegateopninga og julemarknaden, kva utstillarar som kjem og andre oppdateringar