Wiam jobbar i Jeriko kommune og er ein av dei som har hatt mykje kontakt med lærdøler over mange år. Ho har også vitja Lærdal, seinast i fjor sommar i samband med at det var 25 år sidan venskapsavtalen vart inngått, og har vore blant dei som har teke imot og guida nær lærdøler har vore på tur i Jeriko.
Her er julehelsinga frå Wiam og Jeriko omsett til norsk:
"Til mine kjære venner i Lærdal!
Som jula og det nye året nærmar seg, skriv eg til dykk frå eit land der håpet er både ei tung bør og ei velsigning, der motstandskrafta blømer i sprekkene av undertrykkinga. Frå Palestina, eit land øydelagt av krigar, men rikt på ånd, sender eg ønska mine om eit nytt år fylt med fred, kjærleik og rettferd.
Som den palestinske diktaren Mahmoud Darwish skreiv ein gong: «Me lir av ein ulækjande sjukdom kalla håp ... Håp bakanfor fortviling, håp som brølar i ei meiningslaus øydemark.»
Dette håpet, aldri nølande og ukueleg, har halde oss oppe gjennom tiår av urettferd. I tider då verda snudde ryggen til oss og pinslene våre, tende dykkar trygge solidaritet ein fakkel i mørkeret. Røystene dykkar braut seg gjennom barrierane av sensur, og bar slik ropa frå Gaza og motstandskrafta frå Vestbreidda til ei verd som altfor ofte valde å sjå ein annan veg.
De, kjære venner, er del av dette håpet. De er partnarar i draumane om friheit og verdigheit. Den aldri sviktande forpliktinga – frå at de stør anerkjenninga av ein palestinsk stat, at de slåst for rettferd i internasjonale domstolar og at de stør boikott av produkt frå okkupert land – syner motet til eit folk som forstår verdien av rettferd.
Darwish skreiv: «Dette landet lærer oss å elska, for me har ikkje noko anna val.» Det er snakk om kjærleik til friheit, til verdigheit og til menneskeverd som forpliktar oss. Og det er den kjærleiken som får oss til å drøyma om ein dag då me skal feira saman i eit Palestina som er fritt frå undertrykking, eit land som er ope for alle som hyllar rettferd og fred.
Til den dagen, lat oss halda fast i eit urokkeleg håp.
Måtte denne høgtida minna oss om kor vakker menneskeheita er, og om styrken av solidaritet. De er ikkje berre våre allierte; de er med i familien vår på denne reisa mot ei lysare framtid.
Eg ønskjer dykk ei velsigna julehøgtid, og frå Palestina som sjølv strevar etter å få fred, sender eg ønske om fred til alle.
Med takksemd og kjærleik,
Wiam"