Eigenberedskapsveka 2024 er veke 44, 28. oktober - 3.november. Denne veka er det altså spesielt fokus på eigenberedskap, som først og fremst handlar om å vera budd dersom det skulle skje store hendingar som på eit eller anna vis lammar heile eller deler av eit samfunn.
For me lever i ei stadig meir uroleg verd – blant anna som følgje av klimaendringar, krig og digitale trugsmål. Sjølv om det meste fungerer som det skal i Norge, må me vera budde på at ekstremvér, pandemiar, ulukker, sabotasje og i verste fall krigshandlingar kan råka oss.
Korleis vil du og dine næraste klara dykk viss straumen blir borte ein lenger periode? Kva gjer du viss vatnet forsvinn? Kva viss du ikkje får handla på ei veke? Les meir om korleis du kan bidra til Noregs beredskap ved å klikka på denne lenkja.
Sjå også meir om Eigenberdakspaveka 2024 ved å klikka på denne lenkja.