Sjølve debatten startar klokka 18 og vil vara i om lag to timar. I framkant blir det politiske stands i vrimlearealet utanfor kultursalen, frå klokka 17. Laksen bakeri & cafè er også open.

Det er ordførarkandidatane Audun Mo (Ap), Viktor Yttri (Sp), Frøydis Helland (H) og Sæmund Stokstad (SV) som møtest til valdebatt. Temaa i første del blir bustad, næring, sentrumsutvikling og rekruttering - så kjem det blanda spørsmål frå innbyggjarane og publikum. Sogn Avis-journalist Hanne Stedje leier debatten.

Me oppmodar folk om å møta opp i god tid - kultursalen kan bli full. Debatten blir også streama på Sogn Avis sine nettsider.