Klimaprosjektet «Redusert klimaavtrykk frå vestlandsjordbruket» får si eige nettside.
Frå fredag 3.juni klokka 10.00, kan du klikke deg inn på www.klimavest.no og lese nyheiter, og finne informasjon og motivasjon til klimaarbeidet på din gard.
Å gje seg i kast med nye ting, kan verke både krevjande og frustrerande. På nettsida skal bønder og andre til ei kvar tid finne klimanyheiter, møte og kurs, kontaktinformasjon til rådgjevarar og informasjon om tilskot. I tillegg vil bønder som har starta klimaarbeidd på gardane sine dele erfaringar og løysingar som andre kan ha nytte av.
Klimavest er det korte namnet for prosjektet, og det namnet som vil vert brukt på både nettsida og på Facebook etterkvart.
Målsetjinga for prosjektet er å gjere bøndene i Vestland i stand til å redusere klimaavtrykket frå matproduksjonen utan at det går ut over produksjon, arealutnytting, dyrevelferd og dyrehelse.
KlimaVest