Totalt vart det samla inn 226 122 kroner i Lærdal - det er vel 65 000 kroner meir enn det vart samla inn i fjor, og då var det rekord.
Dermed kom også Lærdal kommune akkurat på topp 100-lista over gjevarglede per innbyggjar - i snitt gav lærdølene 105 kroner per innbyggjar; det er då inkludert bidrag frå nærings- og organisasjonsliv.
All statistikk under årets TV-aksjon finn du ved å klikka på denne lenkja
Selde suppe og kunst for over 19 000
Her er det framfor alt verdt å trekka fram Lærdalsøyri barnehage som gjorde den enorme prestasjonen å samla inn 19 230 kroner ved å arrangera kafe med sal av suppe til foreldre, besteforeldre og andre - ispedd litt kunstsal. Dermed vart Lærdalsøyri barnehage den største einskildgjevaren av alle under årets TV-aksjon.
På ein god 2.plass kom Sogn Sparebank med 15 000 kroner - og dei bidrog med meir.
- Tusen takk til Stine Fossen og Kjersti Fagerlund i Sogn Sparebank som var teljekorps på aksjonsdagen! seier ordførar Audun Mo og Renate Fossen for aksjonskomiteen.
Årets TV-aksjon gjekk altså til inntekt for Barnekreftforeningen og byggjing av barnehus der kreftråka barn kan få vera saman med familiane sine når dei er under behandling.
Det vart dessutan rekord så det song for TV-aksjonen på landsbasis - totalt vart det samla inn nesten 367 millionar kroner - det var 93 millionar meir enn førre rekord, som vart sett i fjor då inntektene gjekk til Redd Barna.
- Enormt! oppsummerer leiar Renate Fossen i aksjonskomiteen om årets TV-aksjon både lokalt og på landsbasis.