Lærdal kommune har utarbeida framlegg til ny Kommunedelplan for Trafikktryggleik 2024 – 2035, med handlingsdel som syner kva tiltak (både førebyggjande, haldningsskapande og fysiske) som skal prioriterast dei neste åra. 

Les formannskapet si handsaming av planen for meir informasjon om prosessen

Framlegget til ny trafikktryggleiksplan er no lagt ut til offentleg ettersyn og høyring. Lærdal kommune ynskjer gjerne innspel på feil i planen, tiltak de meiner burde vore med eller ynskje om endringar osv. 

Framlegg til ny Kommunedelplan for Trafikktryggleik 2024-2035

 

Innspel i høyringsperioden skal sendast til post@laerdal.kommune.no, og frist for å koma med innspel er sett til 31. mai 2024.