Første post på programmet var ein spasertur på Gamle Lærdalsøyri.

Kronprinsen tok seg god tid i bodene som var sett opp for å syna ein smak av korleis det er under marknadane i Lærdal.

Så var det folkearrangement i Kvammegården med dansarar frå ungdomsskulen og barnekor frå barneskulane og barnehagane.

Borna song for full hals og viste imponerande disiplin.

Mange hadde møtt opp for å få med seg det som skjedde i Kvammegården.

Kronprins Haakon helste sjølvsagt til lærdølene, og nemnde mellom anna at det alltid vart god stemning i kongefamilien når Lærdal kom opp som tema - ettersom kongefamilien har eit spesielt forhold til bygda.

Kronprinsen fekk gåver frå borna i form av teikningar - også med god betring-helsing til Kronprinsesse Mette-Marit, som skulle ha vore med, men vart sjukemeld.

Etter arrangemenet tok Kronprinsen seg god tid til å helsa på folk.
Så var det klart for pressemøte, og det var vel så stort oppmøte frå tysk som norsk presse - dei store medieselskapa Bild og ZDF hadde begge funne vegen til Sogn.

Dermed var seansen over og limousinen køyrde vidare.

Frå Øyri bar det opp på Ljøsne og garden Sande.

Eirik Skjerdal Lysne og Synne Haferkamp driv garden i Sande og serverte Kronprinsen lappar. Dottera var også i perlehumør.
Eirik Skjerdal Lysne og Synne Haferkamp driv garden i Sande og serverte Kronprinsen lappar. Dottera Frøya var også i perlehumør.
Siste post på programmet i Lærdal var omvising på Nasjonalt villakssenter der dagleg leiar Alf Olsen jr. synte fram laksane i akvariet og resten av det nyrenoverte senteret.

Kongefamilien har sitt eige hjørne på villakssenteret - her står Kronprins Haakon framfor bilete av ein Kong Harald i Lærdal som ung.
Kongefamilien har sitt eige hjørne på villakssenteret - her står Kronprins Haakon framfor bilete av Kong Harald i Lærdal som ung.