Nasjonale bibliotekdagar

Biblioteket markerer Nasjonale bibliotekdagar denne veka. Der har det allereie vore gjennomført ein sommarlesfest med familieteater for omlag 70 frammøtte. Tysdag vart det også høgtidleg utdeling av bokposebibliotek i Lærdalsøyri barnehage og på torsdag ventar lesestund og bibliotekbesøk for elevane på Borgund skule og i borna i Borgund barnehage.

Torsdag skal også biblioteket gå over til eit nytt biblioteksystem. Denne dagen vert det diverre avgrensa tilbod på biblioteket, men dei har ope som vanleg og vil hjelpa deg så godt det lar seg gjera. Frå måndag av skal biblioteket vera i vanleg drift att.

I neste veke vert det to arrangement i biblioteket:

Onsdag 11. september kl. 19.00:
LANDSLOVA 750 ÅR - OG KVA SÅ?

I 2024 feirar me at det er 750 år sidan Landslova vart vedteken på Frostatinget. Jubileet feirast med brask og bram av det offentlege Noreg, men kva er det som eigentleg feirast – og er det noko som i det heile er verdt å feira?!
 
Pål Berg Svenungsen, førsteamanuensis ved HVL, kjem tilbake til Lærdal folkebibliotek for å forklara oss kva dette jubileet går ut på. I føredraget skal me sjå nærare på kva Landslova eigentleg er (og litt om kva ho ikkje er), kvifor ho på mange måtar er eit unikt stykke lovarbeid i ein europeisk mellomaldersamanheng, samt noko om mannen som stod bak ho, nemleg den heller ukjente kongen, Magnus VI Håkonsson (r.1263-1280), betre kjent som Magnus Lagabøte.
 
Guri Sørumgård Botheim
Torsdag 12. september kl. 18.00:
Guri Sørumgård Botheim kjem til Lærdal folkebibliotek og vil fortelja om skriving, om villreinen og respekt for naturen.
I 2021 hamna villreinen på Artsdatabanken si raudliste. I 2024 kom ei stortingsmelding om villrein, og mange arbeider for å betra situasjonen til villreinen. Kva må til for å redde villreinen? Dette er eit spørsmål mange i Lærdal har grubla mykje på.
Villreinen og ein NOU-rapport dannar bakteppe for handlinga i romanen Høgfjellsmeldinga. 
 
Ragna Svae får jobben som kommunikasjonsansvarleg ved Norsk villreinsenter på Hjerkinn. Snart får Ragna i oppgåve å skriva ein NOU-rapport om villreinen og om fjellet si etiske stemme. Kven er fjellet sine heltar og skurkar? spør Ragna og lanserer eit upopulært svar. Arbeidet hennar utløyser sterke reaksjonar. Ei anonym trusselmelding dukkar opp. Kven er det som truar ho og kva ligg bak?
 

Teater og dans i kulturhuset

Lærdal kino har starta opp att med visningar og har allereie hatt godt besøk på dei framsyningane som har vore. Du finn programmet for kinoen framover på Friskus.
 

I tillegg kan du oppleva både teater og dans dei neste vekene:

La gente de la tierra - plakatTorsdag 5. september kl. 18.00, Lærdal kulturhus

LA GENTE DE LA TIERRA / THE PEOPLE OF THE EARTH

Allereie denne veka vert det ny sjanse for dei som ikkje fekk sett stykket om Rosa Avendaño si reise til Noreg i januar. Teaterproduksjonen LA GENTE DE LA TIERRA / THE PEOPLE OF THE EARTH av Mezcolanza Theater fortel historia om ei chilensk kvinne som, som mange andre, må migrera til Noreg på grunn av diktaturet i Chile på slutten av 90-talet.
 
 

Fredag 13. september kl. 18.00, Lærdal kulturhus

BLAFF

Neste fredag er det duka for ei heilt ny danseframsyning i kultursalen. Berit Einemo Frøysland med fleire kjem med ei heilt ny framsyning som vert omtalt som: “eit sjelemaraton, ei legende om upåfallande menneske. Førestillinga handlar om korleis bakgrunnsfigurar og skjebnar med knappe ettermæle kan takast fram og det er teke utgangspunkt i spora etter husmansslekter.”
 
 
I tillegg er det planlagt fleire andre arrangement både i Fjelly og hjå Lærdal ferie- og fritidspark. For å sjå kva som skjer i Lærdal kan du sjekke ut aktivitetskalendaren vår i Friskus.