Ein lang og god planprosess er no avslutta, og Lærdal kommune er godt rusta til vidare arbeid med kommunen sitt naturmangfald.
Det rike naturmangfaldet Lærdal kommune har, er godt omtala i plandokument og i dokument levert av Miljøfaglig Utredning. I dei ulike dokumenta som no ligg føre, kjem det og godt fram kva utfordringar me har, og kva som vert viktig for Lærdal kommune å ha fokus på i vidare arbeid med naturmangfald.
Handlingsdelen har tre hovudmål, med fleire delmål.
Hovudmåla er:
Mål1: Få oversikt over naturverdiar og kunnskap
Mål 2: Ta vare på og bruke naturmangfaldet
Mål 3: Formidling av naturmangfaldet
Administrasjonen har alt teke planen i bruk, med mellom anna planlegging av undervisning i skule og barnehage.
Spørsmål og innspel til vidare arbeid og forvaltning av Lærdal sitt naturmangfald, kan rettast til planavdeling eller landbrukskontoret.