Det kan vera mykje trafikk, ukjende stader og uvande forhold.
Ta det roleg, syt for å ha tid til å halda fartsgrensa og legg inn gode pausar. I tillegg er det viktig å hugsa at ein fullpakka bil har heilt andre køyreeigenskapar enn bilar utan last, spesielt i svingar.
Ved å klikka på denne lenkja får du nokre enkle tips som gjer bilturen både trygg og komfortabel.
God tur!
Lærdal er trafikksikker kommune, ei sertifiseringsordning i regi av Trygg Trafikk. Kvar månad har eigne trafikktryggleikstema som blir fokusert på gjennom kommunen sine informasjonskanalar.