Dei siste åra har Lærdal kommune, næringsaktørar og organisasjonslivet arrangert Lyse dagar i Lærdal i slutten av april. Då feirar me at sola er attende og våren for alvor komen til den djupe, vakre dalen vår.
I år blir det nesten ei veke med arrangement frå tysdag 22. april til søndag 27. april. Programmet kan du sjå ved å klikka på denne lenkja, og det er svært variert.
Her noko som skjer litt oppi bygdi:
Laurdag 26. april kl. 11-16
Bruktmarknad i Ljosheim grendahus
Ver ‘’butikkdrivar’’ for ein dag og leig deg ein stand - eller kom som handlande!
Kanskje du / familien vil produsera noko de kan selja, eller du har teke vårreingjeringa og ønskjer å bli kvitt klede, utstyr eller anna?
Pris for leige av stand: 200,-
Dei som leiger stand kan gjera klart fredag kl.18.00-19.00 eller laurdag kl.09.00-11.00.
Ta kontakt via chat på Ljosheim grendahus si Facebook-gruppe for å leiga stand, eller sms til 411 24 411.
Det vert sal av kaffi og bakst. Inntektene frå dette og leige av stand går til drift og vedlikehald av Ljosheim grendahus (Lærdalsvegen 1387).
Parkering: ved Ljosheim eller på grusbane nedanfor bygget.