Dei siste åra har Lærdal kommune, næringsaktørar og organisasjonslivet arrangert Lyse dagar i Lærdal i slutten av april. Då feirar me at sola er attende og våren for alvor komen til den djupe, vakre dalen vår.
I år blir det nesten ei veke med arrangement frå tysdag 22. april til søndag 27. april - det blir eit spennande og svært variert program! No slepper me eitt og eitt av arrangementa som går av stabelen, så kjem også fullstendig program når alt er klart.
Fredag 25. april og laurdag 26. april
Handelsdag på Lærdalsøyri og Håbakken
Me har ikkje so mange, men me har veldig fine og særprega butikkar i Lærdal. Og på våren er det ofte nye, spennande varer og gode tilbod å finna. Laurdagen under Lyse dagar i Lærdal kan me mellom anna nemna:
Årethun foredling: Produserar opp godteri i ordentleg Årethun-stil til denne helga - både som ein kan kjøpa med seg, men også få oppskrifter på. I tillegg blir det forskingsstasjon utanfor butikken laurdag frå kl. 11 til 14 der borna kan prøva seg på ulike eksperiment med frysetørka produkt. Ope kl. 10-16 (både fredag og laurdag)
Titten tei: Har 30-års jubileum og slår til med jubileumstilbod både fredag og laurdag. Kake og kaffi blir det også ein av dagane. Held ekstra lenge ope laurdag, til kl. 16
Blomsterbui: Har mykje flotte vårblomar i butikken og held ekstra lenge ope laurdag, til kl. 16
Sogn frukt og grønt og Sognasmak (Håbakken): Har gode vårtilbod