Dei siste åra har Lærdal kommune, næringsaktørar og organisasjonslivet arrangert Lyse dagar i Lærdal i slutten av april. Då feirar me at sola er attende og våren for alvor komen til den djupe, vakre dalen vår.

I år blir det nesten ei veke med arrangement frå tysdag 22. april til søndag 27. april - det blir eit spennande og svært variert program! No frå midten av mars att slepper me eitt og eitt av arrangementa som går av stabelen, så kjem også fullstendig program når alt er klart.

Lyse dagar i Lærdal 2025 startar med den årlege ryddeaksjonen:

Tysdag 22. april

 «Hald Grøne Lærdal rein»

Her håpar me flest mogleg blir med og ryddar så bygdi vår står fram i all sin prakt når våren og etter kvart sommaren er i anmarsj.

Aksjonen er i regi av Lærdal idrettslag, Lærdal Røde Kors og Lærdal kommune – i tillegg får me bistand frå Sogn friluftsråd. Nærare praktisk info kjem her på Lærdal kommune si nettside nærare innpå ryddeaksjonen, men base blir som før klubbhuset til idrettslaget ved skeisebana der ein kan møta opp og få utdelt utstyr og rode frå klokka 17.