No i november har leikeplassen utanfor Coop vorte vesentleg opprusta og fornya. Denne veka var det uhøgtideleg opning då born frå Lærdalsøyri barnehage testa den nye leikeplassen.
Den såg ut til å falla i smak, så no er det berre for små og litt større born å leika i veg.
Utbetring av leikeplassar er prioritert av Lærdal kommune no, og det vil bli laga ein ny eller vesentleg utbetra leikeplass til på Lærdalsøyri i løpet av våren. I økonomiplanen for 2025 -2028 som ligg ute på høyring er det sett av 1 million kroner til utbetring/fornying av leikeplassar - sjå investringane som ligg i økonomiplanen ved å klikka på denne lenkja.