Dermed er folketalet i kommunen no 2174, mot 2165 ved utgangen av 1.kvartal i år. Utviklinga har vore jamt aukande folketal sidan botnnoteringa på 2117 innbyggjarar ved årsskifte 2021-2022.

For å samanlikna med resten av Sogneregionen er Lærdal ein av fire kommunar med vekst. Kommunen som aukar mest i prosent er Aurland med ein auke på 21 innbyggjarar til 1809, som tilsvarar 1,2 prosent auke. Luster har ein auke på 23 innbyggjarar til 5398, her er det snakk om 0,4 prosent auke - same prosentvise auke som Lærdal.

Sogndal står relativt stille med auke på sju personar, og dei tel no 12 331 innbyggjarar. Årdal hadde nedgang på 14 innbyggjarar og Vik nedgang på 11 innbyggjarar gjennom 2.kvartal 2024.

Folketalsutviklinga i kommunane i Sogn og ein del andre kommunar i Vestland for 2.kvartal 2024