Lærdal kommune ynskjer å leggje til rette for vekst og utvikling for næringslivet i Lærdal, og styrke samarbeidet mellom kommunen og næringslivet. Me vil difor gjennomføra ei enkel spørreundersøking i næringslivet. 
 
Funna frå undersøkinga vert ein del av grunnlaget for utarbeiding av ein tiltaksplan for næringsutvikling i Lærdal kommune. Kunnskap om dette er eit godt utgangspunkt for å forsterka det me er gode på, kva som kan bli betre, og korleis me kan styrkja samarbeidet.
 
 
Me håpar at du vil ta seg tid til å svara på undersøkinga. Det vil gje oss viktig informasjon som me kan ta med oss inn i det videre arbeidet vårt!