Lærdal kommune og Lærdal næringssamskipnad inviterer til næringskveld måndag 28. oktober frå kl. 17.30
Programmet er som følgjer:
Del 1:
17.30 Bedriftsbesøk West maskin (transport på eigenhand).
Del 2:
18.30 Lærdalsøren hotell. Status næringslivet.
Me får ein kort statusrapport frå områda
- frukt og grønt
- reiseliv
- bygg og anlegg
- andre
19.30 Pål Medhus frå Høve Støtt held inspirasjonsføredrag. Pål kjem frå Geilo og er ein kjent kurs- og inspirasjonsføredragshaldar.
20.00 Status Lærdal kommune sitt næringsarbeid.
- Presentasjon av utkast til Tiltaksplan for næring. Planen skal snart ut på høyring og Lærdal kommune ønskjer derfor innspel kring dette.
- Open diskusjon: Korleis kan næringslivet og kommunen samarbeide?
21.00 Næringspub
Gratis pizza til alle.
Velkommen!