Næringskveld med tema styreform, økonomi og utvikling
Sognefjorden Næringshage og Felles Landbrukskontor ÅLA arrangerer næringskveld!
Stad: Kommunestyresalen, rådhuset i Lærdal
Når: 14. februar klokka 18-21
- Tollefsen advokater fortel om kva slags styreform som løner seg innan landbruket
- Informasjon om finansieringsordningar for dei som ynskjer å satsa på tilleggsnæring innan landbruk
Velkomen til ein informativ kveld med fagleg påfyll og sosialt samvær.
Me stiller med kaffi og noko attåt!
Påmelding innan 06.02.2024 til beate.stolen@laerdal.kommune.no
Med atterhald om endring i programmet!
Synst du det er vanskeleg å veta kva som vert riktig å velge? Då kan det vere kjekt å koma på denne næringskvelden!