Kva er naturmangfald
Naturmangfald er alle dei ulike variasjonen av liv som er i naturen. Det omfattar dyr og planter i alle geografiske områder og i ulike økosystem. Naturmangfald er det biologiske mangfaldet, samt det geologiske og landskapsmessige mangfaldet.
Biologisk mangfald er alle levende organismar på jorda og samspelet mellom dei. Biologisk mangfald er over og under jordoverflata, i vatnet og på botnen i elvane, innsjøane og fjordane våre.
Naturtypar er ein einsarta type natur som omfattar alle dei levande organismane og dei miljøfaktorane som verkar der. Dammar, åkerholmar og spesielle geologiske førekomstar reknast og som naturtypar.
Kulturlandskap har verdifullt kulturbetinga naturmangfald. Bruken av eit område har sett preg på og sett framleis preg på naturverdiane i kulturlandskapet. Naturtypane og artane er der som ein følgje av lang tids bruk, som til dømes slått og beite. Fleire av desse er i ferd med å bli sjeldne i dag fordi me har endra måten me bruker desse områda. Samtidig kan me finna nye artar og naturtypar fordi bruken er enda.
Grøn infrastruktur kan omfatte blågrøne areal og landskapselement som er viktig som formeirings-, oppvekst- og forflytningsområder for arter og for artane sin overleving over lang tid. Begrepet grøn infrastruktur brukast og om sentrale økologiske prosessar.
Geologisk mangfald er variasjonar i berggrunn, mineral, lausmassar, landformer og prosessane som lagar dei. Variasjon i topografi, berggrunn og lausmasser er viktige årsaker til at det er store variasjonar i det biologiske mangfaldet i Noreg.