Lærdal kommune har for tida ute Kommunedelplan for naturmangfald på høyring. Planen vert innleia slik: “Me står i ei naturkrise, der me over lang tid har overbelasta naturen. Tapet av naturmangfald blir difor rekna som ein av dei to største miljøtrugsmåla i verda, saman med global oppvarming. Skadeverknadene av dette ser me stadig tydelegare, og det kjem heile tida nye teikn på at noko må gjerast. Arealendringar er den viktigaste påverknadsfaktoren for naturmangfaldet i Noreg i dag.”
Og dette er ikkje særeige for Lærdal, dette gjeld over heile landet. Det siste året har det vore skrive mykje i media om naturtap og korleis arealendringar som motorvegar, næringsparkar, hyttebygging og vindmøller har hatt stor påverknad på naturmangfaldet.
Onsdag 23. oktober vert det sett fokus på akkurat dette ved å invitere til forfattarkveld med Guri Sørumgård Botheim og Marit Beate Kasin. Dei vil sjå på korleis me bygger ned naturen, kva som skjer med dyra som er avhengige av den, og kva me kan gjera for å få den tilbake.
Guri Sørumgard Botheim er aktuell med romanen, Høgfjellsmeldinga og Marit Beate Kasin er aktuell med boka Naturparadokset. Guri vil presentere boka si før det vert ein samtale mellom dei to forfattarane om naturtap og villrein. Landbrukssjef Magnhild Aspevik vil samstundes presentere arbeidet til kommunen sin Kommunedelplan for naturmangfald.
Marit Beate Kasin er journalist og busett i Valdres. Med graveprosjektet Hytteparadokset i avisa Valdres, undersøkte ho miljøkonsekvensane av den norske hyttedraumen. Dette opna auga hennar for omfanget av naturtap i Noreg og resulterte i boka Naturparadokset.
Har nordmenn sin hyttedraum blitt naturen sitt mareritt? I boka Naturparadokset vert lesaren vert med Kasin til fjells og observerer korleis hyttebygging, alpinanlegg og vegar trenger vekk villreinen frå leveområda hans. Det er snart lite villmark eller naturskog igjen i Noreg. Sjølv om skogen sitt unike artsmangfald er lovfesta, vert dei verneverdige trea hogd ned og antal rovdyr vert halde på eit kritisk lågt nivå.
Overforbruket vårt av naturressursar har ført oss inn i klimakrisa, som me no prøver å løyse ved å bygge vindkraftanlegg – noko som raserar uberørte områder. Naturparadokset er ei utforsking av interessemotsetningar og trua natur. Kasin avdekker gapet mellom gode intensjonar og faktisk praksis. Er det mulig å restaurera tapt natur?
Guri Sørumgård Botheim kjem frå Lesja og bur på Dombås. Ho er forfattar og arbeider som rådgjevar i Norsk Forfattersentrum. Samstundes som Kasin arbeidde med sitt gravprosjekt i 2021 hamna villreinen på Artsdatabanken si raudliste. I 2024 kom ei stortingsmelding om villrein, og mange arbeider for å betre situasjonen til villreinen. Kva må til for å redde villreinen? Dette er bakteppet for handlinga i romanen Høgfjellsmeldinga som Botheim gav ut i 2023. Ragna Svae får jobben som kommunikasjonsansvarleg ved Norsk villreinsenter på Hjerkinn. Snart får Ragna i oppgåve å skrive ein NOU-rapport om villreinen og om fjellet si etiske stemme. Kven er fjellet sine heltar og skurkar? spør Ragna og lanserer eit upopulært svar. Arbeidet hennar utløyser sterke reaksjonar. Ei anonym trusselmelding dukkar opp. Kven er det som truar ho og kva ligg bak? Høgfjellsmeldinga er ein poetisk pageturner om naturtap, kontorliv og radikale meiningar, om kjærleik og hemnaksjonar.
Velkommen til Lærdal folkebibliotek onsdag 23. oktober kl. 18.00.