Sommaren er på hell og det er tid for første kåffikopp med ordførar og varaordførar etter sommarferien.

Vanlegvis blir dette arrangert siste torsdag i månaden, men no torsdag 29. august er ordføraren på reis. Difor blir kåffikoppen utsett ei veke.

Så har du noko du vil ta opp med ordførar Audun Mo og varaordførar Janne Marie Reppen - om du er irritert, engasjert eller begeistra; kva som helst, eigentleg - så møt opp i 1.etasje på rådhuset torsdag 5. september mellom klokka 18 og 20.