- Eg starta 1. juli i 1989, så det vart nesten 35 år. Eg seier det vart 35, seier Kjell Inge Sanden.
- Eg starta i 2000. Så det blir vel 59 år til saman på oss to, reknar Asle Figenschau.
Lærdal brann og redning er det kommunale brannvesenet – men det er ikkje brannar dei oftast er borti.
- Det har jo vore interessant. Både på godt og vondt. Mange fine opplevingar og mange veldig triste opplevingar. Nokre år var det mange dødsulukker på vegane. Eitt år hadde me fire-fem berre på nokre månader. Heldigvis er det lenge sidan sist dødsulukke no, seier Figenschau.
- Me har jo fått litt større oppgåver enn berre brann, sidan me også er eit redningskorps. Me bistår mellom anna helse til dømes viss nokon har hjartestans eller liknande tilstandar. Er det berre ein ambulanse innan rekkjevidde kallar dei oss alltid ut til slike hendingar, fordi personalet i ein ambulanse ikkje har sjanse til å både driva hjarte-lungeredning og handtera instrumenta samstundes, forklarar Sanden.
- Det største me har vore borti
Lærdal brann og redning er organisert slik at det til ein kvar tid er ein på utrykningsvakt, desse vaktene deler utrykkingsleiarane på. Dei andre brannkonstablane har plikt til å gå med «piparane» og møta opp når alarmen går, viss dei kan.
Så er det oppsette vaktlag i jula, ved nyttår, i påska og på sommaren.
Dermed vil det variera noko kor mange som møter når alarmen går ein «vanleg» dag eller ei «vanleg» helg.
- Men me har møtt bra med folk, seier Sanden.
Som mellom anna under Lærdalsbrannen i januar 2014 – ei vanleg januarhelg. Me kjem ikkje unna å nemna den.
-
- Då var me kjappe. Eg har loggen frå 110 heime. Alarmen gjekk klokka 22.54, og klokka 22.58 melde eg attende at eg var på plass.
Resten av historia kjenner me. Mellom anna at det lokale brannvesenet gjorde ein enorm innsats.
- Eg kjende etterpå at det svei i ansiktet. Då såg eg at eg hade fått brannskade på heile kjaken, fordi varmen var så intens, seier Figenschau.
Spreke som berre det
No har dei altså rykt ut for siste gong, begge to. Trass i at dei er svært så spreke – Sanden gjennomførte nyss halvmaraton under Oslo Marathon på høgst respektable 02:02:34.
- Og Asle går berre som «Krekamannen», fordi han spring opp Krekane mot Åsen på Stødno. Det er ein fordel å halda seg litt i form. Særskilt dei som er røykdykkarar kan ha ei hard tørn, seier Sanden
- Men når de er så spreke – kvifor sluttar de då?
- Eg er gamal, held Sanden fram.
- Eg pensjonerte meg i jobben, men kunne eigentleg tenkt meg å halda fram i brannvesenet. Så tok eg kontakt med NAV sentralt for å høyra om det gjekk utover pensjonen, men dei gav aldri noko klart svar sjølv om eg sende fleire førespurnader. Så då fekk det berre vera, forklarar Figenschau.
Men det tek litt tid å omstilla seg mentalt til denne nye fridomen.
- Det hender at eg tykkjer eg høyrer denne lyden av piparen langt vekke. Til eg innser at eg ikkje har den lenger, og at denne lyden berre er noko inni hovudet, fortel Figenschau.
Og dei er klare på at dei kjem til å sakna ikkje minst kollegiet.
- Når du driv på slik, så blir det ein veldig samansveisa gjeng som tek ansvar for kvarandre. Og det blir ein del galgenhumor; me må jo le litt av oss sjølve oppi alt alvoret, seier Sanden.
Samstundes er dei glade for at rekrutteringa til Lærdal brann og redning har vore god siste åra.
- Brita Einemo har utdanna seg og er vorten med, ho er første første dama på mine 35 år. Og me ønskjer oss fleire damer, seier Sanden.
- Eller, det er jo ikkje «me» lenger no då.., legg han til.