Farevarselet gjeld for heile Vestland og deler av Rogaland fylke. Det er ikkje meldt noko nedbør i Lærdal før kanskje inn mot helga, så førebels ligg det inne farevarsel på oransje nivå (høgaste nivå for skogbrannfare) til og med laurdag - sjå vêrmeldinga og les farevarselet ved å klikka på denne lenkja til Yr si nettside.
Anbefalingane er dermed:
- Ikkje bruk eld (Det er generelt forbod mot å gjera opp eld mellom 15. april og 15. september)
- Føl lokale myndigheiter sine instruksjonar
- Trong for førebyggjande tiltak og beredskap skal vurderast fortløpande av beredskapsaktørar
Les også meir inngåande om skogbrannfare ved å klikka på denne lenkja til Meteorologisk institutt.