No er det tørt i terrenget og meldt tørt ver den komande veka, så folk må vera ekstra varsame om dei skal brenna bål. Det inneber mellom anna å unngå brannfarleg terreng, ha rikeleg med vatn for hand og å sløkkja bålet heilt når ein forlet det. Les også skogbrannvett-reglane ved å klikka på denne lenkja.

Det har den siste tida vore observert og rapportert inn fleire tilfelle av bål med eld eller glør som er forlate - dette kan altså vera brannfarleg. Så er det generelt bålforbod frå 15. april, les meir om forbodet ved å klikka på denne lenkja.

Dersom ein tenkjer å brenna kvist og skat, må ein ta kontakt med brannsjef Gaute Johnsgaard, tlf.: 90 11 62 65.