Tysdag låg det eit melisdryss på Lærdalsøyri - det passa ekstra godt ettersom julegrana kom opp same dag. Lysa og stjerna er kome på og testa - alt fungerer som det skal.
Dermed ligg det an til ei triveleg helg med tradisjonell tenning av julegrana fredag 22. november kl. 17 og etter det både opning av peparkakebygda i Post- og telemuseet og Julequiz på Lærdalsøren hotel.
Så går sjølve julemarknaden med bodsal, kulturinnslag og aktivitetar av stabelen over to dagar, både laurdag 23. november og søndag 24.november - hald deg oppdatert på Lærdalsmarknaden si Facebookside ved å klikka på denne lenkja.
Faktisk skjer det ting allereie onsdag 20 november kl. 18 i form av smoltringkokekurs på skulekjøkenet - les meir ved å klikka på denne lenkja - og torsdag 21. november frå kl. 17 - då er det juleverkstad på Post- og telemuseet med både kurs i å bretta stjerner som du kan lesa meir om ved å klikka her og keramikkurs som du les meir om på denne lenkja.
Vêrmeldinga ser også lovande ut dei komande dagane.
Heile programmet for julemarknaden og tilhøyrande aktivitetar finn du ved å klikka her.