Arbeidet tok til i sommar og er ein del av eit større trafikktryggingsprosjekt. Utbetringane som no er gjort er som følgjer:

  • Opparbeiding av nytt fortau langs Skulevegen, frå Lærdal stadion og fram over vegkryss Skulevegen/ Hansegardsvegen.  
  • Etablering av fartsreduserande tiltak ved heving av vegkryss Skulevegen/ Hansegardsvegen.  
  • Etablering av nye fortau i Hansegardsvegen og Einemo.  
  • Utskifting og oppgradering av vass- og avløpsanlegg  ved Lærdal bu- og omsorgsheim og krysset Skulevegen/ Hansegardsvegen.  
  • Reasfaltering av deler av Skulevegen og uteområdet ved Lærdal sjukeheim.

Onsdag 20. november har det vore overlevering frå entreprenør til Lærdal kommune, og trafikken går no som normalt att på permanent basis. Det medfører også at bommane som har vore opne for å gje alternative tilkomstvegar i anleggsperioden, mellom anna i Hanseskogen, blir lukka att.