I haust har tilbodet i kulturskulen vorte utvida med mellom anna Musikkproduksjon og kulturinteresse, band og dans - no er det veldig mykje å velja mellom!

Ved å klikka på denne lenkja får du oversikt over kulturskulen i Lærdal tilbyr.

Har ein born som kan tenkja seg å byrja i kulturskulen til oppstart av nytt semester over nyttår kan ein søkja om plass no - Ved å klikka på denne lenkja finn du informasjon om innmelding og søknadsskjema.

Samstundes har talet på kulturskuleelevar auka gjennom semesteret frå kring 85 til kring 140.

Låg terskel

– Eg trur det handlar om å vera veldig aktiv med tanke på å få med folk, der må terskelen vera låg, i tillegg til at ein har eit variert tilbod, seier kulturskulerektor Ketil Thorbjørnsen til Sogn Avis - heile artikkelen kan du lesa ved å klikka på denne lenkja. (Pluss-artikkel)

Trass stor vekst i tal elevar er han klar på at dei tek inn så mange som overhovud mogleg i kulturskulen.

Og han understrekar at dei er eit svært godt kollegium.

– Staben av lærarar er berre heilt fantastisk, der er verkeleg høgt utdanna folk som kan faget sitt, så me er veldig heldige. Ein ting er den reint formelle kompetansen dei har på sine område, ein annan er dei heilt personlege eigenskapane dei har med tanke på det å nå ut til elevane og verkeleg inspirera, seier han.