- Eg sa eg ikkje skulle ut på oppdrag att, så det vart diskusjon i heimen, fortel Åge Bøyum.
For knapt halvanna år sidan var han nemleg i Ukraina på oppdrag for Røde Kors, og lovde langt på veg at det var siste runde med arbeid i krigsråka område.
Krig og katastrofar
Tidlegare har intensivsjukepleiaren frå Lærdal jobba for Røde Kors i ei rekkje land - både i samband med krig, naturkatastrofar og epidemiar. Mellom anna har han vore i Rwanda, Indonesia, Sør-Sudan, Sierra Leone, Kashmir, Syria, Pakistan og Iran i slike samanhengar.
Når det så braut ut krig i akkurat Palestina i haust, følte Bøyum etter kvart kallet så stort at han tek denne jobben, trass i at det eigentleg ikkje skulle bli fleire slike oppdrag.
- Fordi me veit at det heilt klart er behov for hjelpa me kan yta. Det er ein situasjon der me veit at me kjem til å gjera ein innsats som er naudsynt. Palestina har ein eigen plass i Lærdal sin bevisstleik, så det har litt med det å gjera også, forklarar han.
- Folk flest ville ha vore livredde for å reisa til eit krigsråka område. Er ikkje du redd?
- Ein skal vera litt bekymra når ein driv med dette, elles blir ein sløv. Men det er veldig god tryggleik - tryggleiksprosedyrane er veldig godt innarbeidde og me har mykje erfaring med slikt arbeid. Me er vande til å operera i krigssona.
- Intens jobbing
Det er på eit feltsjukehus i Rafah heilt sør i Gaza Bøyum skal jobba. Sjukehuset yt helsehjelp i regi av Røde Kors og Røde Halvmåne - den muslimske nemninga på Røde Kors.
- Me blir eit team som gjev helsehjelp til alle, både sivile og krigsskadde. Eit team kan vera på 60 personar.
Til dagleg jobbar Bøyum som seniorrådgjevar helse i Lærdal kommune. Han har fått permisjon for å reisa på oppdraget.
I utgangspunktet skulle Bøyum ha reist 18.mai og vera i ein månad, men då kom ingen inn i Gaza. Så har situasjonen endra seg att, så Bøyum reiser no ei veke seinare.
- Det kjem til å bli veldig intens jobbing i høg varme, så det er greitt det ikkje er så lenge.