Arbeidet som blir gjort er oppgradering av basestasjonar i samband med utbygginga av 5G-nettet, opplyser Telenor i eit skriv. På dei basestasjonane arbeidet blir gjort vil dekninga tidvis kunne falla ut mellom 3.oktober og 12.oktober. Område som ikkje blir dekt av andre basestasjonar i tillegg vil då kunne oppleva å tidvis ikkje ha mobilnett i det heile i denne tidagarsperioden.
Kartet syner at det er i Erdal at fastbuande kan oppleva ustabilt nett - Telenor opplyser at dei vil informera råka husstandar direkte dersom dei forventar bortfall av mobilnettet. Elles kan det bli ustabilt mobilnett i nokre område av Lærdalsfjorden, i Fodnestunnelen, på Oftedalen og opp mot Aurlandsfjellet.