Kulturprisen har vorte utdelt lenge og kvart fjerde år – i 2023 vedtok Lærdal kommune å oppretta Lærdalsprisen i tillegg. Dette er ein pris for spesiell innsats i frivilligheita, og her er kriteriane formannskapet skal vurdera etter når dei kårar prisvinnar:

  1. Lærdalsprisen skal tildelast personar som anten bur i, eller har sterk tilknyting til Lærdal kommune.
  2. Prisen skal tildelast ein person (gruppe, lag) som har lagt ned ein stor innsats for lags-/organisasjonsarbeid som i sin form er lags-/organisasjonsarbeid og ikkje tradisjonelt kulturarbeid i så måte. 
  3. Med lags-/ og organisasjonsarbeid blir meint til dømes arbeid for idrettslag, turlag, husflidslag, skyttarlag osv. 
  4. Med stor innsats kan ein meina alt frå lang og tru teneste, til miljøskapande arbeid, til instruksjonsarbeid - eller at ein har oppnådd noko spesielt, fått til svært god rekruttering osv.

Prisvinnaren får 10 000 kroner.

No treng me å få inn nominasjonar – send inn din eller dine kandidatar til post@laerdal.kommune.no innan 20. mai 2025!