Bakgrunnen for moglegheitsstudien er oppdaterte flaumsonekart i tråd med nye berekningar på grunn av klimaendringar. Oppdatert flaumsonekart syner at mesteparten av Lærdalsøyri vil bli overfløymd ved ein 200-årsflaum. 

Difor har Multiconsulent på oppdrag frå NVE utarbeidd ein moglegheitsstudie der åtte ulike flaumsikringstiltak er vurderte.

Fire tiltak blir ikkje tilrådde å gå vidare med, og dette innbefattar alle variantar med ein sokalla flaumtunnel – altså å byggja ein tunnel som slusar vekk vatnet viss Lærdalselvi hadde kome opp på eit visst nivå.

Illustrasjon henta frå moglegheitsstudien utarbeidd av Multiconsult

Flaumsonekart hjå NVE finn ein ved å klikka på denne lenkja, og så zooma seg inn på eller søkja på aktuelt område

Rapporten frå utarbeiding av nytt flaumsonekart for Lærdalsøyri kan du opna ved å klikka på denne lenkja

Flaumvoll

Tre tiltak blir tilrådd å gå vidare med – alle desse tre alternativa inneber høgare flaumvoll enn i dag. To av alternativa går ut på å byggja ein ny flaumvoll 2,5 til 3 meter høg, og som ligg nærare busetnaden på Lærdalsøyri enn eksisterande flaumvoll. Skilnaden på desse to alternativa er først og fremst noko av traseen for flaumvollen, der den eine inneber heving av sjukehusvegen som ein del av vollen.

Det siste alternativet går ut på å forsterka og gjera eksisterande flaumvoll høgare, slik at denne blir totalt 3,5 til 4 meter høg.

Dei ulike tilrådde alternativa har ulike fordeler og bakdeler - desse finn ein frå side 90 i moglegheitsstudien. Moglegheitsstudien for flaumsikring av Lærdalsøyri finn ein ved å klikka på denne lenkja

Folkemøte

Det er også eit 0-alternativ, altså å ikkje flaumsikra utover dagens sikring. Det vil innebera å leva med flaumfaren som altså er berekna, og at ein må pårekna flaumsituasjonar deretter. Vidare vil det føra til vesentlege avgrensar på korleis Lærdalsøyri kan utviklast vidare, er NVE klare på

Pressemelding som NVE sende ut då moglegheitsstudien vart publisert kan du lesa ved å klikka på denne lenkja

Det vil bli eit folkemøte om flaumsikringsprosjektet seinare i haust – dato, tid og stad blir publisert så snart dette er klart.

Vegen vidare

Moglegheitsstudien konkluderer med  ei anbefaling frå NVE og Multiconsult. Dermed skal Lærdal kommune i dialog med NVE avgjera vidare gang for arbeidet. NVE har sett av ressursar og midlar til eit forprosjekt for å detaljera alternativa med flaumvoll. Det er venta at reguleringsplanarbeid vil kunne starta opp i same fase.

Det er kommunestyret i Lærdal som så avgjer det heile – altså om ein går for eitt av dei tre tilrådde sikringstiltaka, og i så fall kven av dei. Når det skjer kjem an på kor lang tid det tek å detaljara alternativa, reguleringsplanarbeidet, dialog med grunneigarar og innbyggjarar – i det heile fleire faktorar. 

Kor lang tid sjølve bygginga av ein eventuell flaumvoll vil ta, kan ein heller ikkje seia sikkert. Det vart nemnd i kommunstyremøtet 15.oktober 2024 at ein i alle fall bør ha eit femårsperspektiv frå no til ferdig flaumvoll, altså med atterhald om korleis framdrifta blir.

Vidare er det nye flaumsonekartet for Lærdalsøyri gjeldande, og vil såleis vera med i vurderingane når nokon søkjer om byggjeløyve. Kva det konkret inneber vil koma an på kva areal det er snakk om, kva tiltak det blir søkt om løyve for, moglege sikringstiltak osb; plan- og bygningslova er i alle høve styrande.

Lærdal kommune har ei eiga side for flaumsikringsprosjektet, den kjem du til ved å klikka på denne lenkja

NVE har også ei eiga side for flaumsikringsprosjektet, den kjem du til ved å klikka på denne lenkja