Innbyggjarar som ønskjer å nytta seg av avtalen, som ein då gjer med Kraftriket, kan ordna dette på følgjande vis:

  • Dei som har hatt fastprisavtalen frå før skal nyleg ha fått ein SMS frå Kraftriket. SMS-en kjem frå telefonnummeret 27077 og inneheld ei lenkje. Denne er trygg å trykkja på. Når ein trykkjer på den lenkja kjem ein til bestillingsskjemaet der ein kan akseptera vilkåra og senda inn, så er avtalen inngått.
  • Har ein ikkje fått SMS og/eller ikkje har hatt denne avtalen før, kan ein inngå avtale via nettsida til Kraftriket ved å trykkja på denne lenkja.
  • Dersom ein ikkje har høve til å inngå fastprisavtalen via elektroniske skjema som skildra ovanfor, kan ein ringja Kraftriket sin kundeservice på telefon: 321 41 000, eventuelt møta opp i Kraftriket sine lokale i Lærdal innanfor opningstidene.

For å få oppstart på den nye avtalen frå 1.januar av må ein bestilla seinaste 20. desember.

Den nye fastprisavtalen er på 40 øre/kWh inkludert moms, og det er 12 månaders bindingstid (1. januar 2024 - 1. januar 2025). Denne avtalen gjeld for privatpersonar fastbuande i Lærdal kommune - altså ikkje fritidsbustader og ikkje næringsdrivande (for næringsdrivande gjeld eiga avtale).

Vedtaket kommunestyret i Lærdal gjorde 13. desember i saka, som skildrar detaljane, er formulert slik (Når det står 32 øre/kWh i punkt 2 er det utan moms): 

1. Kommunestyret vedtek å vidareføre ordninga med fastpris for straum til innbyggjarar og næringslivet. 

2. Lærdal kommune tilbyr privatpersonar og landbruk i Lærdal kommune ein fastpriskontrakt på 12 månader til 32 øre/kWh pluss avgifter med tilleggsbeløp som tilsvarar den til kvar tid gjeldande statlege kompensasjonen. Verknadstidspunkt for ordninga er 1. januar 2024. Tilbodet vert gjeve til ordinære bustader - ikkje fritidsbustader. Fastprisavtalane skal følgje normale kommersielle vilkår slik energiverket normalt ville gitt for denne type avtale. 

3. Lærdal kommune tilbyr næringslivet ein fastpriskontrakt på 12 månader til 50 øre/kWh pluss avgifter. Verknadstidspunkt for ordninga er frå 1. januar 2024. 

4. Vedtak i K-sak 35/23 om å ikkje ekskludere innbyggjarar frå ordninga, vert vidareført.