Det blir ny runde med drop in-vaksinering torsdag 7.november frå kl. 12.00-14.30 på helsestasjonen på Lærdal helsesenter. Då kan ein få influensavaksine, koronavaksine og pneumokokkvaksine. Desse kan alle setjast samstundes.

Men; helsestasjonen har eit avgrensa tal pneumokokkvaksinar. Dei som ynskjer pneumokokkvaksine lyt ringja til helsesenteret på telefonnummer 57 66 95 00 på førehand og gje beskjed om dette. Utover det møter dei berre opp som vanleg på drop in-dagen. 

Viss ein er anbefalt pneumokokkvaksine og ikkje får det på drop in-vaksineringa bør ein bestilla resept på denne vaksinen hjå fastlegen sin. 

Drop-in vaksineringa er for dei over 65, dei som er i ei risikogruppe og for helsepersonell.  Dei som ikkje er i risikogruppe eller over 65, men likevel ynsker influensavaksine kan ta kontakt med apoteket for å få vaksina der.

Pris på influensavaksine: 200,- 

Pris for pneumokokkvaksine: 450,-

Pris på koronavaksine: gratis

Helsestasjonen tek VIPPS eller kontant betaling.