- Førsteinntrykket er at alle er vennlege, seier Wesam Jbour.

Han er nytilsett oppmålingsingeniør i Lærdal kommune – ei stilling som har stått ledig i nesten heile 2023.

- Eg håpar eg utviklar meg fort. Eg har litt erfaring frå før – frå Syria og Rennebu kommune, der eg var i praksis.

Frå Cape Town til Lærdal

Jbour er altså frå Syria og har utdanning innan fagområdet derifrå. Så har han teke kart- og oppmålingsfag ved Trøndelag høgare yrkesfagskule. 

Kona hans er også oppmålingsingeniør og fekk jobb i Namsos, der familien bur.

- Så det blir litt reising, fortel Jbour.

Litt reising har det vore for den nytilsette klimakoordinatoren også. Torunn Riise Jackson kom nemleg til Lærdal frå Sør-Afrika.

- Der jobba eg delvis som terapeut og delvis som administrerande direktør i mannen min si verksemd. 

Klimakoordinatorstillinga har stått ledig sidan Inger Oddrun Sverkmo gjekk av med pensjon i sommar. Når Riise Jackson no er på plass har ho ein bakgrunn som burde passa ypparleg.

- Eg er utdanna innan økologisk landbruk, landskapsforvalting og planlegging, og gjekk på høgskulen i Sogndal. Så har eg jobba med ulike klima- og landbruksprosjekt.

- Har snudd 360 grader

Ho meiner utgangspunktet for den nye jobben er svært bra.

- Inger Oddrun har gjort ein fantastisk jobb med mykje, så eg kjem litt til duk og dekka bord. Det har skjedd enormt mykje positivt sidan 2019, mentaliteten kring det å jobba med klima har snudd 360 grader. No jobbar ein medstraums og ikkje motstraums. 

Opphavleg kjem Riise Jackson frå Lillehammer, men til Lærdal kom ho altså frå Cape Town, og der bur framleis mannen og sonen hennar.

- Så eg har flytta hit. Eg er her fordi eg er veldig glad i Vestlandet. Så det måtte bli ein plass som dette eller Cape Town, eigentleg.

Dermed har arealplanleggjar Monika Lysne og byggjesakshandsamar Arnt Otto Øygarden fått to kollegaer i løpet av kort tid.

- Dette er etterlengta og veldig viktig, me har vore underbemanna lenge. Oppmålar er sjølvsagt ein svært viktig funksjon inn mot innbyggjarane, klimakoordinator er ei satsing utifrå mål og visjonar i Grøne Lærdal, forklarar Monika Lysne.