2024 er allereie i slutten av januar, og tradisjon tru inviterer ordførar Audun Mo og varaordførar Janne Marie Reppen innbyggjarane til ein prat over ein kåffikopp siste torsdagen i månaden.
Om ein ser nye moglegheiter i det nye året ein vil formidla, har meiningar om saker frå i fjor - eller berre vil snakka med Audun og Janne om noko - er ein hjarteleg velkomen! Tid og stad er altså ved Servicesentralen på rådhuset førstkomande torsdag, 25. januar, mellom klokka 18 og 20.