2023 vart ikkje noko unntak.

Men først; kor mange NM-gull har eigentleg familien Hegg no? Før Olav Tiemann Hegg kan svara på det spørsmålet må han få tid til ei oppteljing.

Utpå kvelden dumpar svaret inn i form av ein SMS; fasiten er 32 NM-gull. Og då har alle i kjernefamilien NM-titlar; pappa Olav Tiemann, mamma Marit Johanne, borna Sara-Sofie, Jens-Henrik og Jon-Hermann. Slik fordeler det seg:

Sara-Sofie: 6 gull

Marit-Johanne: 1 gull

Jens-Henrik: 7 gull

Jon-Hermann 13 gull

Olav Tiemann: 5 gull

Ikkje nok med det, men NM-titlane fordeler seg utover tre ulike idrettsgreiner:

Skiftelt: 11 gull

Skogsløp med skyting: 10 gull

Skyting: 11 gull

Årets NM-titlar

Under det siste kommunestyret før jul får altså noregsmeistrar frå Lærdal gåvekort på 2000 kr og blomar for innsatsen. «Som vanleg» troppa Olav Tiemann opp på vegner av familien 13.desember, og ordførar Audun Mo ramsa opp årets NM-gull til familien Hegg:

Sara-Sofie vart junior-NM-meister i skifelt og NM-meister i stafett i skogsløp

Olav Tiemann vart NM-meister i skogsløp i sin veteranklasse

Jon-Hermann vart NM-meister i skyting med luftgevær – og som ein av verdas beste skyttarar vart han også verdsmeister på lagskyting liggjande.

Handbakgruppa i Lærdal har bryte frå seg i 2023 også; Samuel Eines (f.v.), Johannes Hartman-Thim, Bård Grindheim og Geir Inge Olsen tok alle medaljar under stemnet Atlantic Arms i november. Hartman-Thim og Grindheim vart begge doble noregsmeistrar tid
Handbakgruppa i Lærdal har bryte frå seg i 2023; Samuel Eines (f.v.), Johannes Hartman-Thim, Bård Grindheim og Geir Inge Olsen tok alle medaljar under stemnet Atlantic Arms i november. Hartman-Thim og Grindheim vart dessutan begge doble NM-meistrar.

Handbak-gull

Det er litt å halda styr på for ordførar Mo når han skal dela ut påskjønningane for noregsmeistrar frå Lærdal. For den andre grossisten her, handbakgruppa, har også teke heim fire NM-gull i 2023. 

Johannes Hartman-Thim vart noregsmeister i både venstre og høgre arm i juniorklassen i sin vektklasse.

Bård Grindheim tok to NM-gull med venstresleggja i både seniorklassen og +40 år (eit undommeleg sinn til trass) i sin vektklasse.

Også handbakgruppa har bryte frå seg internasjonalt; nærare bestemt tok Johannes Hartman-Thim VM-bronse i venstre arm i 2023.

Me gjer same øving; spør primus motor Grindheim kor mange NM-titlar dei har i handbakgruppa – og får same svar som hjå familien Hegg – det må teljast først.

Etter nokre timar kjem fasiten på e-post – det er snakk om 20 NM-gull fordelt på følgjande:

Sofia Stigen: 2 gull

Melina Mo: 2 gull

Erik Trulssen: 4 gull

Johannes Hartman-Thim: 3 gull

Bård Grindheim: 9 gull

Lærdal kommune gratulerer familien Hegg og handbakgruppa så mykje med til saman 8 gull og 2 VM-medaljar i 2023 – og ikkje minst 52 NM-gull totalt!