I førre kommunestyreperioden vart lågterskeltilbodet «Ein kåffikopp med ordførar og varaordførar» reetablert etter modell frå tida Knut Aarethun var ordførar og Anna Jorunn Avdem varaordførar i perioden 2003 - 2007.
Då som no kunne innbyggjarane koma og ta opp saker med ordførar og varaordførar - om det var saker som frustrerte eller engasjerte - her kunne ein koma med det ein hadde på hjartet både om ein var sur eller blid.
Og slik blir det framover også; skilnaden er at ordførar Audun Mo har med seg fersk varaordførar Janne Marie Reppen. I utgangspunktet blir kåffikoppane siste torsdag i månaden.
- Me held den gode tradisjonen ved like, seier ordførar Mo.
Dermed blir første kåffikoppen med ordførar og varaordførar i denne perioden torsdag 26. oktober frå kl. 18 - 20 i 1.etasje på Rådhuset.