Kronprinsen er venta å koma til Gamle Lærdalsøyri kring klokka 14 – her vil det først bli ein spasertur ned Øyragata og så startar arrangementet i Kvammegården klokka 1410, då er det greitt å vera på plass i god tid. Kulturskulen står for kulturelle innslag frå scena, i tillegg blir det helsingar frå ordførar Audun Mo og ikkje minst Kronprins Haakon sjølv.
Alle er inviterte til arrangementet i Kvammegården!
Under lærdalsbesøket skal også Kronprinsen på gardsbesøk og få omvising på Nasjonalt villakssenter. Kongeskipet vil bli nytta under fylkesturen og vil liggja utanfor Lærdal hotel.
Folk må gjerne heisa flaget rundt om i bygda under besøket, altså 26. september.
Eigentleg skulle Kronprinsesse Mette-Marit også koma til Sogn og Lærdal, men Kronprinsessa er diverre sjukemeld, så Kronprins Håkon kjem åleine.