Lærdal kommune arbeider med å få fleire bustadtomter tilgjengelege på bustadmarknaden i kommunen. Det er i dag ingen ledige kommunale bustadtomter på Lærdalsøyri. Ei prioritert sak for politikarane har vore å leggja til rette for fortetting av bustadfeltet i Hanseskogen.
Framlegg til Reguleringsplan for Hanseskogen har lagt til rette for over 30 nye bustadtomter i bustadfeltet. Denne har vore på høyring, og det er kome mange innspel til saka. Det er og kome motsegner til planen frå offentlege myndigheiter. Arbeidet med fortetting av bustadfeltet har vore sett i samanheng med arbeidet med ny kommuneplan (arealdel) for Lærdal kommune.
Reguleringsplanarbeidet for Hanseskogen har difor vore sett på vent til naudsynte og viktige avklaringar kring ulike problemstillingar har vore løyste gjennom den overordna kommuneplanprosessen. Problemstillingane omhandlar i hovudsak samordning med det planlagde flaumsikringsprosjektet for Lærdalsøyri. Når arealdelen no er vedteken, er arbeidet med å ferdigstille Reguleringsplanen for Hanseskogen prioritert for kommunen.
Kommunen har tidlegare i prosessen hatt ope folkemøte for å presentere planframlegget, og har hatt møter med ulike grunneigarar. Status for planarbeidet no er at det har vore dialogmøte med Statsforvaltaren og NVE om samordning med flaumsikringsprosjektet, og ulike alternativ for å redusera tal nye bustadtomter. Saka har vore drøfta med politikarane, og det er semje om å redusera tal bustadtomter nærast Lærdalselva, for å kunne prioritera bustadtomtene som ligg lenger vekk frå elva. Det er ikkje enno avklart kor mange nye tomter som vert att, men dette skal avklarast i næraste framtid.
Dersom Statsforvaltaren aksepterer kommunen sine endringar i planen, vil reguleringsplanen bli lagt fram til endeleg vedtak i politiske utval. Endringane vil då koma tydeleg fram av vedtaket. Det vil deretter sendast ut kunngjering til alle i bustadfeltet Hanseskogen om vedtak av planen. Dette vedtaket kan klagast på.
Lærdal kommune inviterer til open kontordag om planarbeidet fredag 17. november kl. 08.30 - 15:30. Du kan når som helst denne dagen koma på kontoret til Planavdelinga og få orientering om planarbeidet, koma med munnlege innspel om for eksempel nye viktige moment i planområdet, få utskrift av plankart osv. Det er ikkje naudsynt å gjere avtalar på førehand.
Dersom nokon har spørsmål til planarbeidet, planprosessen, innspel om eventuelle viktige nye moment i planområdet, ta kontakt med planleggjar Monika Lysne, tlf. 90516686, e-post: monika.lysne@laerdal.kommune.no