- Eg ser vel ut som ein engelsk fotballmanager, starta ordførar Audun Mo då han stod for den offisielle opninga tysdag.
Han var kjapp med å påpeika at bakgrunnen for dressen og dei blanke skoa var kronprinsbesøket før på dagen, men ettersom det var to høgtidsstunder på same dag passa det for så vidt svært så bra.
Lærdal stadion fekk altså nytt dekke på kunsgrasbana i sommar, så vart opninga sett til siste heimekamp for a-laget denne sesongen, som var mot Balestrand på tysdag.
Fleire talarar var på lista - Einingsleiar teknisk i Lærdal kommune, Harald Stadheim, starta med å fortelja om prosessen med det nye dekket; han nemnde mellom anna at det hadde kosta seks millionar kroner, og at budsjettet vart halde godt. Det vart også delt ut blomar til entreprenørar og leverandørar - Unisport, 2tal elektro og Sweco.
Dagleg leiar i NFF Sogn og Fjordane, Jarle Christensen, var inne på at gode fotballbaner først og fremst handlar om bygdeutvikling, medan leiar i Lærdal idrettslag, Hallvard Thomassen, framheva viktigheita av eldsjeler. Ein av dei han nemnde var avdøde Arne Sanden, som la ned eit stort arbeid for å få til Lærdal stadion og idrettshallen i si tid - så kalla Thomassen Jan Tore Stølen fram på podiet; han har vore leiar for fotballgruppa tidlegare og er framleis primus motor for mykje og mangt som skjer på stadion.
Så var det den velkledde ordføraren då - han fokuserte på viktigheita av fotballaktivitet i ei bygd som Lærdal, og at ein då må ha minst ei god bane:
- Fotball handlar jo om samarbeid, disiplin, strategi og konkurranse i skjønn foreining – veldig mykje av det som livet elles byr på. Ein annan ting er dette med å leggja til rette for gode opplevingar – når born og unge trivst gjennom oppveksten i Lærdal er sjansen større for at dei ønskjer å bu her som vaksne også, sa Mo.
Så opna ordføraren bana med å ta straffespark, då stilte leiar i fotballgruppa, Stine Kvam Golf, som keeper, trass i at ho eigentleg er spiss. Den første straffen var kanskje ikkje noko pryd for auga, og kan kallast eit prøvespark, medan nummer to var velplassert og tilnærma utagbar:
Deretter var det kake, kaffi og saft, høgtideleg innmarsj der G10 og J11-laga var med - samstundes som speaker Terje Vangen Bratteteig presenterte kvar spelar. Så fulgde ein heidundrande fotballkamp som enda 4-3 til Lærdal, i tillegg var det særs sjarmerande pauseunderhaldning i form av solosong frå Mons Øye.