Men “Kåffikopp med ordførar og varaordførar” blir frå klokka 17 til 19, ikkje frå klokka 18 til 20 som først annonsert.

Dette fordi ordførar Mo etter nærare ettersyn i almanakken kom på at han skal på showet “It´s all musical” på Lærdal showtheater torsdag, og det startar klokka 19. Det kastar varaordførar Janne Marie Reppen med på også, difor blir altså kåffikoppen framskyvd ein time.

Så, har du som innbyggjar i Lærdal ris, ros, ønskjer, idéar eller kva det måtte vera å formidla til dei to - møt opp mellom kl. 17 og 19 på rådhuset no torsdag 26.sept i 1.etasje. 

Rimelegvis er ordføraren ekstra raus med Twisten når tidspunktet for kåffikoppen no vart endra litt tett innpå.

Den som har vore på kontoret til ordførar Audun Mo veit han har ei monaleg Twist-skål ståande - den blir med ned i 1.etasje torsdag 26. sept mellom klokka 18 og 20.
Den som har vore på kontoret til ordførar Audun Mo veit han har ei monaleg Twist-skål ståande - den blir med ned i 1.etasje torsdag 26. sept mellom klokka 18 og 20.