Agendaen for møtet var å drøfte ulike satsingar og prioriteringar for UKL-ordninga, samt få ei orientering frå grunneigarane på Attitråve om deira arbeid for å halde kulturlandskapet i hevd siste åra, og kva dei tenkjer framover.
Attitråve ligg like ved Borgund stavkyrkje, og den historiske Sverrestigen frå middelalderen, går over og langs heile eigendomen. Her er det mange som går den kjende Vindhellavegen og Sverrestigen som ein rundtur. Attitråve er ein gamal gard med våningshus og driftsbygningar frå midten av 1800. Låven på garden vart i si tid ombygd til overnattingsplass og dåverande grunneigar hadde utleige av rom fram til seint på 1980-talet.
I dag er det Knut Jarle og Hilde som skjøttar kulturlandskapet på Attitråve på gamalt vis. Dei sler og held i hevd det game tunet i Attitråve, pyntar opp og set fram benkar til turistane som går gjennom tunet. Dei set opp hesjar i tunet slik at forbipasserande kan sjå korleis ting vart gjort på "gamlemåten". Dette er eit populært fotomotiv.
Dei sler og haustar grovfôr frå slåtteteigane Flatane og jordet under Attitråve. Dette er tungdrive brattmark som krev fleire personar i arbeid, og ved bruk av kompakttraktor og slåmaskin vert det fort tidkrevjande. Tunet vert slege og halde ved like gjennom heile vekstsesongen, eit arbeid begge to deltek i. Dei har og gjort ein stor innsats for å rydde fram att beitemark på garden. Her ar dei no god hjelp av saueflokken på bruket. Beitedyr er heilt avgjerande for å halda landskapet ope!
Alt arbeidet som vert utført i Attitråve, er av stor ålmenn interesse, og Lærdal kommune støttar dette arbeidet med midlar som vert tildelt frå Utvalde kulturlandskap. Attitråve ligg i Utvalde kulturlandskap Lærdal.
Sjølv om grunneigarane for det meste berre tykkjer det er kjekt at garden er mykje besøkt og fotografert, har det sine utfordringar òg. Ei slik ferdsle fører med seg slitasje på sti og vegetasjon, grindar vert ståande opne, og hundar utan band. Her var det litt å ta tak i og drøfte i lag med samarbeidsgruppa for å finne løysingar som kan sikre og støtte opp om den positive innstillinga til grunneigarane.
Samarbeidsgruppa vart teken med på ei lita synfaring i nærområdet til garden for å sjå på nye tiltak, og for å få eit best mogleg inntrykk av kva som er gjort av innsats dei siste åra. Etter runden fekk me komma inn og avslutta møtet i ei oppvarma stove på garden med kaffi og god lokalmat levert frå Borgund Vedovnsbakeri.
Det vart ein interessant dag med gode samtalar rundt kva som krevst for å halda kulturlandskapet kring eit gamalt gardstun i hevd. Avslutningsvis fekk me sjå ein bildepresentasjon frå Knut Jarle og Hilde frå jubileumsmarkeringa for utvalde kulturlandskap 6. september på Gran der dei representerte UKL-Lærdal.