Formannskapet i Lærdal vedtok i møte 29.06.23 å leggja planen ut til offentleg ettersyn og høyring. Alle kan koma med innspel til framlegg til planen.  Føremålet med planen er å leggja til rette for asfaltert og oppmerka areal for oppstilling av køyretøy som må vente på opning av Lærdalstunnelen under oppgraderingsarbeidet. Det skal og byggjast eit mindre servicebygg på arealet. Tiltaket er planlagd som midlertidig tiltak under oppgraderingsarbeidet av tunnelen, og arealet skal tilbakeførast til landbruksareal etter oppgraderinga. Me gjer merksam på at oppstillingsplassen i plankartet er teikna som skravert areal, og at det difor kan vera utfordrande å sjå korleis arealet skal verta i den midlertidige perioden. Me anbefalar difor at dei som er interesserte, ser på illustrasjonane i planomtalen. Her finn ein gode skildringar av tiltaka og teikningar med forklaring.

Alle plandokumenta og sakspapiret frå møte i formannskapet kan lesast her (trykk på lenka) 

Dei som ynskjer å sende innspel til planarbeidet, sender desse til Lærdal kommune, Øyraplassen 7, 6887 Lærdal eller post@laerdal.kommune.no innan 11. august 2023. 

Ta gjerne kontakt for spørsmål om planarbeidet, eventuelt dersom nokon ynskjer å få papirutskrift av planen.

Kontaktpersonar: 
Lærdal kommune: Monika Lysne, e-post: monika.lysne@laerdal.kommune.no, tlf. 905 16 686
Statens vegvesen: Stein Idar Dyngen, e-post: stein.dyngen@vegvesen.no, tlf. 951 91 768