Er du komen litt opp i åra, og kunne tenkja deg noko meir lettstelt, til dømes bufellesskap? Eller er du i etableringsfasen og  drøymer om eigen bustad i Lærdal?

I samarbeid med Husbanken og Årdal boligbyggelag, inviterer kommunen til bustadkveld.

Tidspunkt: Måndag 23. september kl. 18.00 til 20.00

Stad: Kulturhuset

Temaet er aktuelt for alle som bur eller som kan tenkje seg å flytte til Lærdal. Enkel servering.

Program

Kl. 18.00             Velkommen og innleiing

Kl. 18.10             Samarbeid om bustadbygging. Kva kan Husbanken tilby v. fagdirektør Olav Ohnstad

Kl. 19.00             Pause og mingling 

Kl. 19.20             Boligbyggelaget si rolle i bustadutvikling v. dagleg leiar Line Moen

Kl. 19.40             Spørsmål og ordskifte

Kl. 20.00             Avslutning og vel heim

I pausen og etter at programmet er ferdig kan ein få informasjon frå utbyggjarar om planlagde bustadprosjekt

Vel møtt!