Det er for tida litt redusert kapasitet ved helsestasjonen, noko som kan føra til litt lenger ventetider for brukarane.
Som eitt mellombels avbøtande tiltak ber me om at dei som treng å koma i kontakt med helsestasjonen henvender seg til Lærdal helsesenter på telefon 57 66 95 00 framfor å kontakta helsesjukepleiar direkte, dette gjeld inntil vidare medan kapasiteten er redusert.
Oppfølging av nyfødde og spedbarnskontrollar vert prioritert.
Helsestasjonen driv no og planlegg kontrollar av fireåringar og førsteklassingar, og kontrollane skal starta opp rundt 1.november Innkallingar byrjar me truleg å senda ut allereie neste veke, andre veka i november.
Fireårskontrollar vert gjennomført på helsestasjonen, medan førsteklassekontrollane vert på skulane.