Reguleringsplan for golfbane/masseuttak på Sløgrandane på høyring
Utval for miljø og samfunnsutvikling har vedteke å leggja framlegg til Reguleringsplan for Sløgrandane, med ny golfbane og utvida masseuttak på Mo ut til offentleg ettersyn og høyring.
Alle kan koma med innspel til høyringsframlegget. Innspel vert å senda til post@laerdal.kommune.no eller Lærdal kommune, Øyraplassen 7, 6887 Lærdal innan 04. mai 2022.
Les sakspapir frå møte i Utval for miljø og samfunnsutvikling og alle høyringsdokumenta her (trykk på linken).