Totalt gav lærdølene 148 448 kroner, det er vel 4000 kroner meir enn i fjor - og med god margin meir enn kva som vart samla inn til TV-aksjonen dei tre åra før det.

I snitt gav innbyggjarane i Lærdal kommune 69,73 kroner, noko som er nesten 20 kroner meir enn landssnittet. Det gav Lærdal ein 89.plass på statistikken over gjevarglede per innbyggjar i landets 357 kommunar - når ein ser på Vestland fylke vart det 16.plass blant fylkets 43 kommunar.

Elles er det gjennom tradisjonell innsamling med bøsse det blir samla inn mest - 87 536 kroner, altså godt over halvparten av totalsummen, kom inn der. Dessutan gav Lærdal kommune 10 000 kroner. 

All statistikken både for Lærdal, andre kommunar og nasjonalt finn du ved å klikka her.

Lærdal kommune takkar Sogn sparebank for å ha stilt lokala sine til disposisjon som innsamlinssentral, og at dei heldt banken open under aksjonen.

Jens Rikheim (f.v.) Viktor Yttri, Audun Mo og Jan Christian Jerving i lokala til Sogn sparbank, som var innsamlingssentral.
Jens Rikheim (f.v.) Viktor Yttri, Audun Mo og Jan Christian Jerving i lokala til Sogn sparbank, som var innsamlingssentral.