Grusvegen inn Raasdalen vart stengt tysdag kveld i førre veke på grunn av ras kring ein kilometer inn dalen frå Mo. I etterkant viser det seg at det har gått fleire ras som har råka vegen.

Entreprenøren melder at det ligg an til å bli farbart før helga, men at vegen i alle høve framleis vil vera påverka ei stund framover - at det er blautt, kan vera meir grov stein og meir humpete enn det vanlegvis er. Det vil også bli jobba på og ved vegen ei tid framover, så dei som køyrer må ta det med ro og bu seg på at det kan bli noko venting.

Lærdal kommune skal koma med ei ny oppdatering før helga.