Noreg har forplikta seg til FN sitt bærekraftsmål om å halvere det globale matsvinnet innan 2030. Å redusere matsvinn kan redusere svolt og matmangel, redusere klimaavtrykk, bevare naturressursar og styrke økonomiske system.
Men korleis kan me auke bevisstheita rundt berekraftig matproduksjon og forbruk i vår eigen region? Det vil årets fagdag ta for seg.
Fagdagen blir arrangert torsdag 25. april kl. 09 - 15 i Lærdal kulturhus
Påmeldingsskjema ligg på Sogn næring sine nettsider.
Arrangementet er ein unik moglegheit for kommunar og næringsliv til å bidra til ein meir berekraftig framtid for matproduksjon og forbruk i regionen vår. Me ser fram til ein dag fylt med innsikt, læring og inspirasjon!
Program for dagen
09.00 - Velkommen! v/Ingeborg Lysne, næringsrådgjevar i Lærdal kommune
Lise Sundberg v/Smake Meir står for maten i pausane gjennom dagen, Nydelege smårettar som viser matredding i praksis.
Tall og fakta matsvinn i Norge - Norsk Institutt for bærekraftsforskning ved Ina Charlotte Berntsen
Matsvinn i primærleddet – v/fruktbonde Harald Blaaflat Mundal, Blaaflat gard i Lærdal
Fakta om matsvinn frå Norges største pakkeri for frukt og grønt - Sogn frukt og grønt v/ Inghild Lysne Sanden
Mindre matsvinn er vinn-vinn, matsvinn i eit verdikjedeperspektiv - ved Sentral Kulturansvarleg Produsent (SKP) frukt,Harald Blaaflat Mundal, Gartnerhallen
Utnytting av overskotsmat - Matsentralen Vestland v/ Monica Rieber-Mohn Fuhr
Matredding i praksis - Haugen Gardsmat ved Odd Ohnstad
Tall og fakta matsvinn Indre Sogn - SIMAS v/Jørn Mortensen
Matsvinn i Norge, utfordring og moglegheiter - Spis opp maten v/Mette Havre
Matredding som ny næring - Presentasjon av lokale verksemder som nyttar matsvinn som ressurs
Sist i verdikjeda – Frå matavfall til kvalitetskompost Utfordringer og moglegheiter v/ Dagny Ugulsvik Alvik, SIMAS
Paneldebatt leia av journalist og matreddarentusiast Hanne Stedje, med blant anna Aleksander Øren Heen, Stortingsrepresentant Senterpartiet, i panelet.
15.30 Avslutning v/ordførar i Lærdal kommune Audun Mo
14.00 – 17.00 Minimarknad med lokale utstillarar i foajeen
Kveldsprogram
På kvelden vert det eit ope arrangement for dei som ikkje har høve til å delta på dagtid. Her er det gratis inngang og ingen påmelding.
Torsdag 25. april Kl. 17.00 - 18.30
- Introduksjon ved Ingeborg Lysne, næringsrådgjevar i Lærdal kommune
- SIMAS v/Jørn Mortensen : Intro med tall og fakta? Kor er me og kor skal me? Status i Sogn.
- Bli ein matreddar, spar klima OG lommebok! Innlegg v/ Mette Havre, kjent for folkebevegelsen «Spis opp maten»